Sluttrapport for bustadsosialt prosjektarbeid i Vestland og Rogaland
Sluttrapporten «Mer velferd med bolig for velferd?» kjem med fleire forlag til korleis kommunane kan betre tenestene for sårbare grupper som manglar bustad, eller risikerer å misse bustaden sin.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Den nasjonale bustadsosiale strategien «Bolig for velferd» (2014-2020) og tiltaksplanen for perioden 2018-2020, var utgangspunktet for Husbanken sitt initiativ om å etablere eit lokalt prosjekt på Vestlandet.
Fem kommunar deltok i prosjektarbeidet
Fem kommunar, Sola, Haugesund, Askøy, Kinn og Bjørnafjorden, deltok i prosjektarbeidet, i tillegg til statlege aktørar som har ei rolle i det bustadsosiale arbeidet.
Prosjektarbeidet blei retta mot dei to nasjonalt prioriterte målsetnadene:
- å hjelpe menneske med rusmiddelavhengigheit og psykiske lidingar som manglar bustad, eller risikerer å mista bustaden sin og
- å leggje til rette for at vanskelegstilte barnefamiliar bur i eigna bustad.
Hovudmålet med arbeidet var å sjå på samhandlinga mellom dei ulike involverte aktørane, både internt i eigen kommune, mellom kommunane og staten og mellom statelege etatar.
Rapporten viser fleire funn knytt til kompetansehevende tiltak, samarbeid internt i kommunane og behovet for endringer av eksisterende samarbeid mellom kommune og statlige aktører og mellom statlige aktørene.
I rapporten ligg forslag til endringar i regelverk, virkemiddelutforming og forvaltning for å bedre tjenestene til de to gruppene.
I Vestland er oppfølginga av rapporten knytt til det treårige forsøket der råd- og rettleiingssressurser fra Husbanken skal bidra til å styrke det bustadsosiale fagmiljøet i embetet, og samarbeidet med kommunane.