H.M. Dronning Sonja deltok på opninga av Festspillene i Bergen
Dronninga deltok i går på Festspillenes opningsseremoni. Det er 33. gongen dronninga legg turen til Bergen i høve festivalen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 23.05.2019
Opningsseremonien vart i år arrangert på Edvard Griegs plass. Der vart dronninga teken imot av stortingspresident Tone Wilhelmsen, fylkesmann Lars Sponheim, ordførar Marte Mjøs Persen og visepolitimeister Ida Melboe Øystese.
Dronninga var også til stades under opningsførestillinga i Grieghallen om kvelden.