Presseinvitasjon til DD.MM. Kongen og Dronninga sin fylkestur i Hordaland

DD.MM. Kongen og Dronninga besøkjer Hordaland 18.–20. juni 2019. Alle journalistar og fotografar som ønskjer tilgang til besøksstadane, må vere akkrediterte hos Fylkesmannen i Vestland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.05.2019

Kongen og dronninga vil på fylkesturen besøkje Jondal, Odda, Granvin, Ulvik og Askøy. Dette er kommunar som ikkje har hatt offisielt besøk av kongen og dronninga tidlegare.

På besøksstadane vil det vere reserverte område for pressa. Detaljert presseprogram blir sendt ut i veke 24.

Tidsplan for besøka

Dag 1 (Tysdag 18. juni)

Jondal kommune: kl. 10:00 – 11:30.
Odda kommune: kl. 16:15 – 17:30.

Odda kommune er vertskap for middag i Tyssedal kraftverk om kvelden.

Dag 2 (Onsdag 19. juni)

Granvin herad: kl. 10:00 – 11:30.
Ulvik herad: kl. 15.30 – 16.45.

Ulvik herad er vertskap for middag på Brakanes hotel om kvelden.

Dag 3 (Torsdag 20. juni)

Askøy kommune: kl. 10:00 – 11:40.

Akkreditering

Som nemnt, lyt alle som ønskjer å dekke heile eller deler av kongeparet sin fylkestur akkreditere seg. Dette gjer ein ved å fylle ut skjemaet nedst i denne artikkelen. Du vil motta ei stadfesting på e-post når du har sendt inn skjemaet. Frist for akkreditering er 7. juni kl. 12:00. Fylkesmannen sørgjer for akkrediteringsbevis.

Transport og hotell

Det blir bestilt hotellrom på overnattingsstadane og sett opp pressebuss. Pressa dekkjer sjølv utgiftene. I akkrediteringsskjemaet må det informerast om kvar ein vil følgje bussen til og frå, og kvar ein eventuelt treng overnatting.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.