Kompetanse- og rekrutteringsplanlegging i kommunane
Mange kommunar i Vestland rapporterer om store rekrutteringsutfordringar på helse- og omsorgsfeltet. Vi oppfordrar kommunane til å inkludere kompetanse- og rekrutteringsplanlegging som ein sentral del av samfunnsplanarbeid.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Framskrivingar tyder på at det vil bli vesentleg ubalanse mellom tilbod og etterspørsel av sentrale yrkesgrupper i helse- og omsorgstenestene i tida framover. Mange av kommunane i Vestland rapporterer alt om store rekrutteringsutfordringar. Kommunar som jobbar strategisk med kompetanseplanlegging som del av kommunens planverk vil lukkast lettare med rekruttering og kompetanseheving.
Utfordring å utnytte potensiale
Kompetent personell utgjer grunnmuren i helse- og omsorgstenesta og er ei forutsetning for kvalitet i tenestene og arbeidet som skal utførast. Utfordringsbildet i dei kommunale tenestene må sjåast i samanheng med endringar og utvikling av spesialisthelsetenesta, og eit aukande behov for omsorgstenester og helsehjelp i befolkninga, heiter det i årsrapporten om Kompetanseløft 2020.
I den blir det også peika på at ei sentral utfordring for kommunane blir å utnytte potensiale betre framover, sidan rekrutteringsutfordringane vil bli større. Ei rekke av tiltaka i Kompetanseløft 2020 er retta mot rekruttering og kompetanseheving av personell. Kompetanseløft 2020 er ein av planane som Leve heile livet-reforma byggjer på.
Verktøy for strategisk kompetanseplanlegging
Kompetanse- og rekrutteringsplanlegging på helse- og omsorgsområdet bør skje i tråd med folkehelselova § 6, Forskrift om leiing og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstenstene og berekraftsmål i § 1.1 i plan og bygningslova.
KS har utarbeidd eit verktøy for kommunane i arbeidet med strategisk kompetanseplanlegging. Det tek føre seg organisering, forankring og ambisjonar, overordna mål og føringar, kva kompetanse er, kompetanseanalyse, kompetansestrategiar og tiltak og evaluering og oppfølging.
Kontaktpersonar
-
Anne Eli Wangen
Tlf: 57 64 31 65 -
Beate Helland
Tlf: 55 57 22 15