Ny ernæringsstrategi for å betre kosthaldet for eldre
Strategien God og riktig mat hele livet skal bidra til betre kosthald og gode måltidsopplevingar for eldre som bur på sjukeheimar og eldre som tek imot heimetenester.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 21.05.2021
Feil- og underernæring blant eldre er eit omfattande problem. Med den nye ernæringsstrategien vil regjeringa bidra til å skape gode måltidsopplevingar og redusere feil- og underernæring blant eldre i sjukeheimar og som mottek heimetenester, i tråd med måla i Leve heile livet-reforma.
Strategien har tre innsatsområde:
- systematisk ernæringsarbeid
- tilstrekkeleg og riktig kompetanse
- mat- og ernæringsoppfølging som er tilpassa brukarane sine individuelle behov og ønsker
Strategien presenterer nye tiltak og kan lesast i sin heilskap her.
Kontaktpersonar
-
Beate Helland
Tlf: 55 57 22 15 -
Anne Eli Wangen
Tlf: 57 64 31 65