Nytt tilskot skal styrke måltidsopplevinga for eldre
Frå 1. oktober kan kommunar søke om tilskot til lokalkjøken i sjukeheimar og omsorgsbustader.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Opprettinga av eit tilskot til lokalt produksjonskjøkken er ein del av kvalitetsreforma for eldre - Leve heile livet. Målet er å styrke måltidsopplevinga og det ernæringsmessige tilbodet ved sjukeheimar og heildøgns omsorgsbustader.
Tilsegnsramma for 2019 er 12,5 millionar kroner, og skal gå til etablering eller gjenetablering av lokale kjøkenløysingar med produksjonskjøken i eksisterande sjukeheimar og omsorgsbustader. Tilskotet blir målt etter talet på brukarar av kjøkenet med heildøgns tenestetilbod. Tilskotet blir gitt so mein del av investeringstilskotet under post 63 rehabilitering.
For å skape nærskap mellom matlaging og bebuarane er det ønskeleg at kjøkenløysinga blir utforma slik at produksjonen av mat går føre seg i ei løysing med minst ein open vegg ut mot fellesareal eller spiseplass.
Auka i ramma til investeringstilskotet og nytt tilskot til lokalkjøkken blei vedtatt i revidert nasjonalbudsjett i Stortinget 21. juni 2019.
Kontaktpersonar
-
Anne Eli Wangen
Tlf: 57 64 31 65 -
Beate Helland
Tlf: 55 57 22 15