Vil jobbe for eit meir demensvenleg samfunn
Demensplan 2025 er ein femårsplan for å forbetre tenestetilbodet til personar med demens og deira pårørande.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 07.05.2021
Planen er den tredje i rekka, og målet er å bidra til eit demensvenleg samfunn. Eit demensvenleg samfunn er eit betre samfunn for alle, og bidrar til inkludering, likeverd og forståing. Dette er sentralt i Leve heile livet-arbeidet.
Planen har fire innsatsområde: Medråderett og deltaking, førebygging og folkehelse, gode og samanhengande tenester og planlegging, og kompetanse og kunnskapsutvikling.
Kontaktpersonar
-
Anne Eli Wangen
Tlf: 57 64 31 65 -
Beate Helland
Tlf: 55 57 22 15