Anbefalte tiltak for utjamning av sosiale helseforskjellar
Fagrådet for sosial ulikheit i helse har laga ein rapport der innsatsområde for å utjamne forskjellane blir løfta fram. På område som inntektsfordeling, oppvekst, utdanning, sysselsetting og helsetenester foreslår fagrådet 29 konkrete tiltak.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Dei som har lang utdanning og god økonomi, lever lengre og har færre helseutfordringar enn dei som har kortare utdanning og dårlegare økonomi. Ved å samanlikne ulike grupper i samfunnet finn vi systematiske forskjellar i helse. Dette er godt dokumentert i kunnskapsrapporten frå 2014.
Fagrådet for sosial ulikheit i helse
Mandatet til fagrådet var å gi faglege råd om utbreiing, årsak og konsekvensar av sosiale skilnader i helse, samt strategiar og tiltak for å redusere sosiale helseforskjellar. I rapporten «Anbefalte tiltak mot sosial ulikhet i helse» gjer fagrådet mellom anna framlegg om:
- å heve barnetrygda til realnivået i 1996 og skattlegge den
- auka løyvingar til helsestasjonar og barnehagar for å drive førebyggjande og helsefremmande arbeid
- full barnehagedekning, tilbod om gratis kjernetid og aktiv rekruttering til barnehagane
- meir bruk av gradert sjukmelding og tettare oppfølging av sjukmelde
- gratis helsetenester fram til 18 år og frysing av nivået for eigenbetaling i helsetenestene.
Alle dei konkrete råda finn du under «Lenker». Utgangspunktet for dei anbefalte tiltaka er rapporten «Sosial ulikhet: En norsk kunnskapsoversikt» som kom i 2014. Meir om denne rapporten kan du lese her.