Fysisk aktivitet er tema for folkehelseprofilane 2021
Fysisk aktivitet er viktig for å oppnå fleire av FNs berekraftsmål, deriblant målet om god helse og livskvalitet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Her kan du laste ned folkehelseprofil for di kommune, din bydel eller fylke.
Berre tre av ti vaksne oppnår anbefalingane om fysisk aktivitet. Kommunane har mange verkemiddel for å skape eit meir aktivitetsvenleg samfunn der alle, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsnivå og sosial bakgrunn, får moglegheit til rørsle og fysisk aktivitet. Å skape eit slikt samfunn er eit hovudmål i handlingsplanen for fysisk aktivitet (2020-2029).
Nye indikatorar i folkehelseprofilane
Årets profilar har også fått nye indikatorar. Desse er:
- gjennomføring i vidaregåande opplæring
- vedvarande låginntekt
- ikkje i arbeid eller utdanning
- kan symje 200 meter, 17 åringar
- trenar sjeldnare enn ein gong i veka, 17-åringar
Alle indikatorar med utfyllande informasjon finn du i Kommunehelsa statistikkbank.
Folkehelseprofilen er eit bidrag til kommunen i arbeidet med å få oversikt over helsetilstanden i befolkninga og faktorar som påverkar denne.