Gode grep for godt folkehelsearbeid
Kva er viktige føresetnader for å vareta folkehelseoppdraget og korleis kan styresmaktene støtte opp under arbeidet lokalt?
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
By- og regionforskningsinstituttet NIBR har på oppdrag frå Helsedirektoratet skrive eit notat der dei på bakgrunn av eksisterande kunnskap drøftar følgjande spørsmål:
- «Gitt kjennetegn ved kommuneorganisasjonen og forventninger til kommuners folkehelsearbeid (særlig §§ 1,4,5,6 og 7 i folkehelseloven) – hva er sentrale betingelser for å oppfylle folkehelseoppdraget»
- Hva er anbefalinger til Helsedirektoratet/statlige myndigheter når det gjelder videre understøttelse av kommunalt folkehelsearbeid?»
Innleiingsvis er det ei skildring av folkehelseoppdraget og kjenneteikn ved kommunane. Deretter følgjer ei omtale av kompetanse og kapasitet for å vareta oppdraget og status i det systematiske folkehelsearbeidet, spesielt integrering av folkehelse i plan, sosiale skilnader i helse, folkehelse og fortetting og nærmiljø og sosial kapital.
Det tverretatlege samarbeidet lokalt, regionalt og nasjonalt og samhandlingskompetanse er viktig. Behovet for å kapasitet og kompetanse på planlegging og folkehelse kjem tydeleg fram. NIBR drøftar rolla til folkehelsekoordinator og om det er på tide med kompetansehevingstiltak for planleggjarar.
Rapporten ligg under fana "Lenkjer".