Nye rettleiarar for råd for ungdom, eldre og menneske med funksjonsnedsettingar
Alle kommunar og fylkeskommunar pliktar å opprette råd for ungdom, for eldre, og for personar med funksjonsnedsetting. Nye rettleiarar er no lansert for desse medverknadsråda.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Brukarmedverknad handlar om at ulike grupper har rett til å seie si meining og bli høyrt i saker som gjeld dei. Fram til i dag har det berre vore krav om at kommunar og fylkeskommunar har medverknadsorgan for eldre og personar med funksjonsnedsetting.
No må dei også opprette eit eige ungdomsråd eller anna medverknadsorgan for ungdom, etter at forskrift om medvirkningsordning blei vedtatt i sommar. Regelverket trer i kraft frå og med det konstituerande møtet i det enkelte kommunestyret og fylkestinget ved oppstart av valperioden 2019-2023.
I rettleiarane for dei ulike medverknadsråda står det informasjon om regelverket og tips til korleis råda kan arbeide. Her finn du dei ulike rettleiarane: