Planlegg kommunane for ei aldrande befolkning – og korleis gjer dei det?
Innbyggarane i Noreg blir stadig eldre, og stadig fleire av oss blir over 67 år. I nokre kommunar vil personar over 67 år utgjere nærare ein tredjedel av befolkninga i 2030. Dette må kommunane tilpasse sine tilbod til.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I samband med regjeringa si strategi for eit meir aldersvenleg samfunn, har Norsk institutt for by- og regionsforskning (NIBR) og Velferdsforskningsinstituttet NOVA gjennomført prosjektet: «Kommunenes planlegging og tiltak for en aldrende befolkning» på vegner av Helsedirektoratet. Både offentleg statistikk, spørjeundersøkingar, intervjuar og gjennomgang av plandokument dannar grunnlag for prosjektet.
Dei unge flyttar
Prosjektet syner at to tredjedelar av kommunane ser på ei aldrande befolkning som ei hovudutfordring, særleg er dette knytt til pleie- og omsorgstenester. Noko bekymring er også knytt til at unge flyttar frå kommunane.
Velferdsteknologi – hjelp til sjølvhjelp?
Mange kommunar satsar på velferdsteknologi, særleg med tanke på å gjere det enklare for innbyggarane å bu i sin eigen heim lengst mogleg.
I tillegg ser det ut til at samarbeid med friviljuge organisasjonar om pleie- og omsorgstenester og ulike aktivitetstilbod, er i ferd med å få plass i kommunane sine strategiske dokument.
Folkehelsearbeidet må også gjelde dei eldre
Dei fleste kommunane omtalar den eldre befolkninga i plandokumenta, men tek det ikkje like ofte opp i folkehelseplanen sin. Det kan sjå ut til at denne type demografiske endringar ikkje blir vurdert til å vere heimehøyrande i folkehelsearbeidet, men i all hovudsak som ei utfordring for pleie- og omsorgssektoren. Ei slik forgløyming gjer at dei kommunale planane ikkje tek inn over seg denne viktige utfordringa.
Kontaktpersonar
-
Anne Eli Wangen
Tlf: 57 64 31 65 -
Beate Helland
Tlf: 55 57 22 15