Søk tilskot til folkehelsearbeidet
Vestland fylkeskommune lyser ut tilskot til tiltaksutvikling for å fremje livskvalitet og psykisk helse i kommunen. Kommunane kan også søke om midlar til prosess- og utviklingsarbeid som bidrar til ei betre folkehelse. Frist er 15. september.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
15 kommunar er med i tilskotsordninga for folkehelsearbeid i Vestland, og fylkeskommunen inviterer no nye kommunar til å søke om midlar og deltaking i Program for folkehelsearbeid i Vestland. Barn og unge (0-24 år) er primærmålgruppa for tiltaksutviklinga.
På nettsida til Vestland fylkeskommune kan du lese meir om ordninga, og her kan du lese meir om Program for folkehelsearbeid i kommunane 2017-2027.
Kommunane i Vestland kan også søke om midlar til prosess- og utviklingsarbeid som bidrar til ei betre folkehelse. Midlane skal nyttast til utviklinga av folkehelsearbeidet i tråd med nasjonale og regionale satsingsområde, men med utgangspunkt i kunnskap om lokale behov. Berekraftsmål nummer ti om sosial ulikskap, er eit premiss for tilskotsordninga.
Les meir om tilskot til folkehelsearbeid i kommunane i Vestland her.