Sosialt berekraftige lokalsamfunn er tema for folkehelseprofilane 2020
Eit sosialt berekraftig lokalmiljø er prega av tillit, tryggleik, tilhøyrsel og tilgang til arbeid, utdanning og gode nærmiljø. Dette er tema for folkehelseprofilane for 2020.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I år har Folkehelseinstituttet laga nye indikatorar knytt til sosial og miljømessig berekraft. Desse er trygt nærmiljø, kollektivtilbod, melde valdstilfelle og luftkvalitet.
Finn folkehelseprofilen for din kommune her.
Profilane er tilpassa dei nye kommunane og bydelane per 1. januar 2020.
På kommunehelsa statistikkbank finn du fleire indikatorar.
Kva skal folkehelseprofilane brukast til?
Folkehelseprofilane kan nyttast som ein del av statistikkgrunnlaget til folkehelseoversiktene som kommunane skal utarbeide. Oversikta over helsetilstand i befolkninga og dei positive og negative faktorane som kan verke inn på denne, skal inngå som grunnlag for arbeidet med kommunens planstrategi.