Ta opp røykeslutt med Stopptober
Visste du at dersom ein klarar 28 dagar utan røyk eller snus, så er sjansen fem gongar så stor for at ein lykkast med slutteforsøket?
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 18.09.2019
Stopptober er ein kampanje der alle som røyker eller snuser kan bruke oktober til å gjere eit sluttforsøk. Kampanjen er basert på at ein skal ta små skritt - ein dag av gangen - for å greie 28 dagar utan røyk. Kampanjen legg også opp til å gi hjelp og støtte gjennom Stopptober.
Helsedirektoratet oppmodar helsepersonell, kommunar og frisklivssentralar til å bruke anledninga til å ta opp røykeslutt.
Her kan du bestille gratis kampanjemateriell til Stopptober 2019.