Avverjeplikt ved utskriving av prevensjon til unge under 14 år
Helsepersonell i helsestasjons- og skulehelsetenesta som skriv ut prevensjon må vere merksame på avverjeplikta når dei skriv ut prevensjon for unge under 14 år.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Frå 1. januar 2022 kan helsesjukepleiarar og jordmødrer med relevant kompetanse rekvirere prevensjonsmiddel til unge under 16 år. Endringa kan føre til at prevensjon er lettare tilgjengeleg, at bruken av sikker prevensjon aukar og førebyggje uønskte svangerskap og abort for unge under 16 år. Med endringa følgjer også nasjonale faglege råd, der avverjeplikta er sentral.
Plikt til å avverje
Avverjeplikta er eit lovpålagt og individuelt ansvar for å hindre alvorlege vald- og seksuallovbrot. Dette gjeld både om ein jobbar med menneske og har teieplikt, eller er ein privatperson. Les meir om avverjeplikta på plikt.no.
Seksuell omgang med barn under 14 år er omfatta av avverjeplikta. Det er gjort unntak for tilfelle der dei involverte er omtrent jambyrdige i alder og utvikling. På bakgrunn av dette vil helsepersonell som blir merksame på at barn under 14 år sikkert eller mest sannsynleg vil ha seksuell omgang med ein person utan at dei er jambyrdige i alder og utvikling, ha avverjeplikt, heiter det i dei nasjonale faglege råda.
Råda gjev elles praktiske råd til korleis helsepersonell kan følgje dette opp.
Les dei nasjonale faglege råda om rekvirering av hormonell prevensjon til personer under 16 år her.