Brukar du signaturen til kollegaer når du administrerer medisinar?
Bruk av andre sin signatur for å dokumentere uttak av legemiddel frå medisinskap eller tillaging og kontroll av legemiddel er uforsvarleg verksemd, og ikkje i tråd med krava i helsepersonellova.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Helsepersonell skal utføre arbeidet forsvarleg og i tråd med god yrkesskikk. Dokumentasjon og journalføring er daglege aktivitetar i arbeidet som helsepersonell. Administrasjon av legemiddel utgjer ein stor del av arbeidsdagen for mange sjukepleiarar og vernepleiarar.
I ein travel kvardag er det fort å gløyme og signere for til dømes uttak- og kontroll av legemiddel. Like fort er det å prøve å rette opp kollegaers feil og manglar. Då er det viktig å hugse på at dokumentasjon med bruk av andre sin signatur også kan vere dokumentforfalsking, og dermed straffbart.
Verksemdleiar er ansvarleg for at legemiddelhandteringa i kommunens tenester og i helseføretaka er forsvarleg. Dette inneber mellom anna system og rutinar for legemiddelhandteringa, og for kontroll og oppfølging av at praksis er i samsvar med krava i helselovgjevinga.