Kampanje om sjølvmordsførebygging
I mai startar folkeopplysningskampanjen «Snakk om sjølvmordstankar – det kan redde liv» i Vestland og Rogaland. Målet med kampanjen er å seinke terskelen for å søke hjelp, og bidra til å auke kunnskapen om sjølvmord i befolkninga.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kampanjen er initiert av Helsedirektoratet, og arbeidet blir koordinert av Helse Vest og Regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Vest).
Kampanjen er ein folkeopplysningskampanje som spesielt rettar seg mot menn mellom 40 og 60 år. Samtidig er det eit opplæringstilbod som går ut til tilsette i kommunar, helseføretak, fastlegar og frivillige.
På RVTS Vest si side finn du informasjon, filmar og aktuelle kurs og opplæringsressursar.
Helsenorge.no har også ei eiga informasjonsside om sjølvmordstankar og sjølvmord.
Kontaktpersonar
-
Linda Svori
Tlf: 57 64 31 61 / 93 28 64 42 -
Astrid Tveit
Tlf: 57 64 31 73