Små kommunar kan søkje om tilskot til å styrke legevaktsordninga
I Vestland er det 16 kommunar som kan søkje på tilskotet. Helsedirektoratet arrangerer webinar om dette tilskotet og tilskotet om Nasjonal ALIS-ordning 27. april.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Målet med ordninga er å betre rekrutteringa til legevaktordninga, eller å redusere vaktbelastning. Kravet for å søkje er at kommunen har færre enn 5000 innbyggarar og ligg i det SSB definerer som sentralitetsklasse 6.
I Vestland vil dette omfatte kommunane Tysnes, Eidfjord, Ulvik, Modalen, Fedje, Masfjorden, Gulen, Solund, Hyllestad, Høyanger, Vik, Aurland, Lærdal, Askvoll, Fjaler og Bremanger. Kommunar som har eigen legevakt, eller deltek i samarbeid med berre èin annan kommune, vil bli prioriterte. Det same vil kommunar med låg sentralitetsgrad innad i sentralitetsklasse 6.
Frist for å søkje er 18. mai 2022.
Meir informasjon om søknadsprosessen og tildelingskriteria finn du på Helsedirektoratet sine nettsider.
Webinar om tilskotsordningar
For å hjelpe kommunane i arbeidet med å søkje tilskot arrangerer Helsedirektoratet eit webinar 27. april klokka 13.00. Webinaret vil også dekkje tilskotsordninga Nasjonal ALIS og rettleiing.
Det krevst inga påmelding for å delta på webinaret, som også blir tilgjengeleg i etterkant.