Tvangsavgrensingslova blir for vanskeleg
Framlegget til ei ny tvangsavgrensingslov er for omfattande, komplisert og fragmentert. Det blir utfordrande for fagfolk å bruke lova, og dermed problematisk med omsyn til rettstryggleiken.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Dette skriv vi i høyringsuttalen til NOU 2019:14. Utvalet vil ha ei samla lov for tvang retta mot personar som er psykisk sjuke, har rusproblem, er utviklingshemma, eller som elles treng helse- og omsorgstenester utan samtykke. Les heile vår høyringsuttale her.
Fylkesmannen er i utgangspunktet positiv til ei ny samla tvangsavgrensingslov for helse- og omsorgstenesta, men den må bli enklare å forstå.
Retten til nødvendige helse- om omsorgstenester er for lite vektlagt
Målsettinga til utvalet er markert nedgang i bruk av tvang. Fylkesmannen er einig i at nedgang i tvang bør vere målsettinga, men vi er kritisk til korleis utvalet balanserer ulike verdiar og meiner retten til nødvendige helse- og omsorgstenester er for lite vektlagt av utvalet, særleg når det gjeld dei alvorleg psyke sjuke.
Utfordringar med tvangsavgrensingsnemnder
Utvalet vil opprette tvangsavgrensingsnemnder og vil at fylkesmennene skal vere sekretariat for desse. Fylkesmannen har innvendingar mot både samansetninga i nemndene, dei oppgåvene utvalet ønskjer å leggje til nemndene og det at fylkesmannen skal vere sekretariat. Det siste er i strid med den sentrale rolla til fylkesmannen som klage- og tilsynsorgan.
Framlegget om å opprette tvangsavgrensingsnemnder kan vere ein styrking av rettstryggleiken innan rus- og psykiatriområdet, men vi kan ikkje sjå at det kjem ei styrking innanfor noverande helse- og omsorgstenesetelov kapittel 9 og noverande pasient- og brukarrettslov kapittel 4A.