Utbrot av nytt coronavirus i Kina
Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet arbeider med å førebu korleis helsetenesta skal kunne handtere situasjonen dersom det nye coronaviruset kjem til Noreg.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 24.01.2020
Samtidig blir det arbeidd med oppdatert informasjon, råd og anbefalingar til helsetenesta og befolkninga.
Coronaviruset er eit nytt virus, og det er ikkje kjent kor alvorleg det er, eller kor lett det smittar. Oppdatert informasjon finn du hos Verdens helseorganisasjon og hos Folkehelseinstituttet.
Les meir i brevet frå Helsedirektoratet, som du finn under «Dokument».