Rapportering om kvalifiseringsprogram, aktivitetsplikt og digitalisering av dei sosiale tenestene
Fylkesmannen ber om opplysningar frå Nav-kontor i Vestland innan 11. desember 2020.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Vi ber om opplysingar om kvalifiseringsprogrammet, vilkår om aktivitet for mottakarar av økonomisk stønad under 30 år, og korleis digitalisering har påverka tilgjenge til og kvalitet på dei sosiale tenestene for 2020. Informasjonen vil mellom anna inngå i vår årsrapportering til Arbeids- og velferdsdirektoratet.
Skjema bør fyllast ut av Nav-leiar eller annan Nav-tilsett med delegert mynde.
Praktisk informasjon
Lenke til det elektroniske skjemaet finn de her: https://fmsffmedocvwr.fylkesmannen.no/eDocument.Viewer/Fylkesmannen/bruker?retur=%2feDocument.Viewer%2fFylkesmannen%2fKVP&shortname=KVP
Dette er eit nasjonalt skjema. Når de på første side i skjema legg inn Nav-kontorets rette postnummer, vil tilhøyrande fylkesmannsembete automatisk kome opp som mottakar av svara. Dette til orientering.
Oversikt over kva spørsmål vi ønskjer svar på ligg under fana «Dokument».
Vi ber om svar seinast innan 11. desember 2020.
Vi sender ut eige brev til Nav-kontora ved Nav-leiar om rapporteringa.