Kompetanseplan for dei sosiale tenestene 2022
Nav Vestland og Statsforvaltaren i Vestland har utarbeidd ein kompetanseplan som gjeld dei sosiale tenestene i Nav.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Statsforvaltaren er ansvarleg for opplæring i sosialtenestelova og for kompetanseutvikling innan dei sosiale tenestene. Nav fylkeskontor er ansvarleg for alle tenestene i Nav-kontora og for kompetanseutvikling og opplæring til alle tilsette. Vi har ulike roller, men er felles ansvarleg for at opplæringa treffer behovet i Nav-kontora og at den blir opplevd som nyttig.
Vi har saman utarbeida kompetanseplanen for dei sosiale tenestene som gjeld for 2022.
Her kan du sjå heile kompetanseplanen.
Aktiv medverknad
Vi ønskjer gjerne at de tek kontakt med oss viss de har innspel til kompetanseplanen for 2022.
Når vi kartlegg kompetansebehov og utviklar kompetansetilbod nyttar vi:
- Styringsdokumenta
- Oppfordringar frå Arbeids- og velferdsdirektoratet
- Tilsyn
- Klagesaker
- Samhandling med Nav-kontora, regionleiarar, den enkelte kommune og Nav-leiarar
- Råd- og rettleiingsteneste
- Dialogmøte
- Samfunnsstrukturelle endringar
- Regelendringar
- Brukarutval og brukarundersøkingar
Kontaktpersonar
-
Cecilie Jantzen
Tlf: 55 57 22 39 -
Linda Kråkenes
Tlf: 55 57 21 75