Utanlandske borgarar som er i Noreg kan ha rett på full sosialhjelp
Sosialtenestelova gjeld for alle som oppheld seg i Noreg, men ikkje alle har fulle rettar til sosiale tenester etter denne lova.
For å ha fulle rettar etter lova må ein opphalde seg lovleg i landet og ha fast bopel. Utlendingar som ikkje har fast bopel har i utgangspunktet berre rett på opplysning, råd og rettleiing frå Nav, og dette gjeld sjølv om dei har lovleg opphald.
Lovleg opphald
Det er i dei aller fleste tilfelle uproblematisk for Nav å avklare om en person som søker om sosialhjelp oppheld seg lovleg i Noreg eller ikkje. Norske statsborgarar og personar med gyldig opphaldsløyve har lovleg opphald. Det har også dei som har opphald i etter avtalar eller konvensjonar, slik som EØS-avtalen.
Fast bopel
Det er meir utfordrande for Nav å avklare om ein som søkjer om sosialhjelp har fast bopel. I sosialhjelpssamanheng er ikkje fast bopel det same som å ha fast adresse eller å ha ein bustad å bu i.
I sosialhjelpssamanheng er tilknyting til Noreg avgjerande for om ein person har fast bopel. Jo lenger ein person har opphalde seg i Noreg, jo meir sannsynleg er det at tilknytinga er tilstrekkeleg til at vedkomande har fast bopel. Arbeids- og velferdsdirektoratet har i sitt rundskriv 35 til sosialtenestelova lista opp ulike moment som kan ha betydning for utfallet av ei behovsvurdering. Les meir i rundskriv 35 om dette.
Fast adresse og å ha ein bustad å bu i er eitt av desse momenta. Nav må vurdere heilskapen av sosialhjelpssøkjarens tilknyting til Noreg før dei konkluderer med om vedkomande har fast bopel eller ikkje.
Det er ikkje nødvendig for Nav å vurdere bopel for alle utanlandske personar som søkjer om sosialhjelp. I rundskriv 35 skriv direktoratet at desse gruppene har rett på sosialhjelp på lik line med norske statsborgarar:
- Nordiske borgarar.
- Dei som kan vere ofre for menneskehandel.
- Personar som har rett til å bli i landet i påvente av behandling av søknad om opphaldsløyve.
- Personar som har rett til å bli i landet i påvente av svar på klage på avslag på opphaldsløyve.
Rett på sosialhjelp likevel?
Utanlandske statsborgarar som ikkje har lovleg opphald og fast bopel har i utgangspunktet plikt til å forlate Noreg. I forskrift om sosiale tenester for personar utan fast bopel i Noreg er det likevel slått fast at dersom ein slik person er i ein naudssituasjon og ikkje kan sørgje for sitt livsopphald, og heller ikkje kan få statleg innkvartering, så har Nav plikt til å gi vedkomande sosialstønad og hjelp til å finne ein stad å bu fram til vedkomande kan forlate riket.
Nav har plikt til å gi slik hjelp inntil vedkomande i praksis kunne reist ut av landet. I slike tilfelle har ikkje Nav plikt til å gi full sosialstønad, men Nav må gi tilstrekkeleg til at vedkomande ikkje lid naud. Dersom vedkomande ikkje kan forlate riket, vil vedkomande etter kort tid ha rett på sosialhjelp etter vanlege reglar dersom vedkomande ikkje sjølv kan sørgje for sitt livsopphald.
Tredjelandsborgarar
Vi hjå Statsforvaltaren får frå tid til anna spørsmål om bopelsvurderingar for tredjelandsborgarar. Med tredjelandsborgararar meiner vi dei som korkje er norske statsborgarar eller EU/EØS-borgarar. Dette spørsmålet har vi svart på i eit eige nettoppslag, som du kan lese her.
Familiegjenforeinte
Dei som har opphaldsløyve i Noreg på grunnlag av familieinnvandring med ein person som har påtatt seg å forsørgje vedkomande har fulle rettar etter sosialtenestelova, dersom dei andre vilkåra i lova er oppfylte. Dette slo Arbeids- og sosialdepartementet fast i eit brev til Statens helsetilsyn, der dei skriv at personar med slikt opphaldsgrunnlag har dei same økonomiske rettane som andre med opphaldsløyve. Dette gjeld sjølv om ein person har påtatt seg å forsørgje vedkomande. For familiegjenforeinte ektefellar og mindreårige barn gjeld vanleg forsørgingsplikt. Her kan du lese heile brevet frå Arbeids- og sosialdepartementet.