Barnefamiliar som treng hjelp frå Nav kan oppleve svikt i tenestene
Helsetilsynet gjennomførte i 2020-2021 ei risikovurdering av sosiale tenester i Nav. Formålet var å finne område der det er risiko for at brukarar og familiane deira kan oppleve svikt i tenestene.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Områda som vart rangert med høgast risiko for svikt er:
- barns behov blir ikkje tilstrekkeleg kartlagt
- barn og unge får ikkje eit samordna tenestetilbod
- den sosiale situasjonen og helsesituasjonen til dei som søkjer om sosiale tenester blir ikkje tilstrekkeleg kartlagt
- personar som har, eller står i fare for å få sosiale problem, får ikkje tilbod om tenesta opplysning, råd og rettleiing
Du kan lese heile rapporten til Helsetilsynet på deira nettstad.
Rapporten kan vere relevant for kommuneleiing og Nav-leiarar i arbeidet med å forbetre praksis ved Nav-kontora.
Helsetilsynet følger opp resultata gjennom tilsyn. I det landsomfattande tilsynet i 2022-2023 skal Statsforvaltarane føre tilsyn med ivaretaking av barns behov når familien søker økonomisk stønad. Du kan lese om dette tilsynet på nettstaden til Helsetilsynet.