Færre klagar på sosialhjelpsvedtak

I 2022 behandla Statsforvaltaren i Vestland 258 sosialklagesaker. Dette er 40 færre enn i 2021 og 89 færre enn i 2020.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.01.2023

Vår gjennomsnittlege saksbehandlingstid var 0,6 månad, og vi behandla 99,6 prosent av klagesakene innan tre månader.

Vi stadfesta 86 prosent, oppheva 11 prosent og omgjorde 3 prosent av dei vedtaka som var klaga på.

Klagesakene fordeler seg på 30 Nav-kontor. Tabellen viser dei 12 Nav-kontora i Vestland som hadde 6 eller fleire sosialklagesaker i 2022:

Nav-kontor

Klager

Bergen vest 39
Bergenhus 34
Bergen nord 28
Årstad 25
Øygarden 23
Kvinnherad 15
Bergen sør 14
Høyanger 10
Alver 7
Askøy 6
Sveio 6
Voss 6

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.