Har vaksne elevar i vidaregåande utdanning rett til sosialhjelp?
Nav kan til vanleg ikkje be vanskelegstilt ungdom ta lån i Statens lånekasse for å få ordinær vidaregåande utdanning, men det kan Nav når vaksne tek utdanning på vidaregåande nivå.
Alle som skal ta vidaregåande utdanning, og som treng sosialhjelp, må i utgangspunktet nytte alle reelle moglegheiter for å forsørgje seg sjølv før dei kan få sosialhjelp. Det er likevel unntak frå denne regelen når det gjeld vanskelegstilte ungdommar under ordinær skulegang.
Det er Arbeids- og velferdsdirektoratet som har fullmakt til å tolke sosialtenestelova, og direktoratets tolkingar er samla i rundskriv 35. I dette rundskrivet står det at: «Elever i videregående opplæring kan ha krav på lån og stipend fra Statens lånekasse. Det kan være urimelig å kreve at en vanskeligstilt ungdom under ordinær skolegang skal ta opp lån for å kunne fullføre opplæringen, og starte voksenlivet med gjeld.»
Det er ikkje alltid lett for Nav å vite kven som er «vanskelegstilt ungdom» og kva som er «ordinær skolegang». I eit brev datert 13. januar 2022 har direktoratet avklart dette nærare.
Vanskelegstilt ungdom
Direktoratet skriv på generelt grunnlag at «vanskelegstilt ungdom», etter rundskrivet, inneber at ungdom over 18 år er barn av foreldre som framleis har forsørgjaransvar for dei, men der foreldra mottar økonomisk stønad og derfor ikkje har økonomi til å forsørgje ungdommen.I ein slik situasjon vil det kunne vere urimeleg av Nav å krevje at ungdommen må ta opp lån for å fullføre skulegangen.
Foreldre si plikt til å forsørgje ungdom over 18 år er slått fast i barnelova kapittel 8, klikk her for å lese i barnelova.
Direktoratet peikar på at sjølv om ein person ikkje er «vanskelegstilt» i denne samanheng som er nemnt i rundskrivet, så kan det vere andre forhold som medfører at det ikkje er forsvarleg å be ein elev i ordinær utdanning om å ta opp lån for å kunne fullføre utdanninga. Difor må Nav i kvart enkelt tilfelle vurdere søknaden konkret, for å avklare om det kan vere slike andre forhold som tilseier at vedkomande skal få sosialhjelp.
Ordinær skulegang
Vi legg til grunn at omgrepet «ordinær skolegang» omfattar den perioden ein har rett på vidaregåande opplæring. I utdanningslova står det at retten til vidaregåande opplæring gjeld ut det skuleåret som tek til det året ein fyller 24 år, klikk her for å lese kapittel 3 i utdanningslova.
Dei som er over opplæringspliktig alder, og som treng vidaregåande opplæring, kan ha rett til slik opplæring. Retten til opplæring omfattar til vanleg dei faga ein treng for å få vitnemål for fullført grunnskuleopplæring for vaksne, klikk her for å lese kapittel 4 A i opplæringslova.
Arbeids- og velferdsdirektoratet slår i brevet av 13. januar 2022 fast at utdanning etter opplæringslova kapittel 4A ikkje er å sjå på som ordinær skulegang.
Såleis må dei som er under slik utdanning først nytte alle reelle moglegheiter til å forsørgje seg sjølv ved arbeid, eigne midlar, gjeldande trygderettar og andre økonomiske rettar før dei kan få sosialhjelp. Difor kan Nav be vaksne med rett til utdanning etter opplæringslova kapittel 4A, å søkje lån i Statens lånekasse.