Kan Nav stenge brukarar ute?
Utgangspunktet er at alle skal kunne besøke Nav-kontoret i opningstida. Nokre gonger kan Nav likevel ha rett til å stenge enkeltpersonar ute frå kontoret i ein periode, men terskelen for dette skal vere høg.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Dei lokale Nav-kontora tilbyr viktige velferdstenester, som mellombels bustad og sosialhjelp. Dei sosiale tenestene er samfunnets siste sikringsnett, og Nav-kontoret må difor sikre at tenestene er tilgjengelege for dei som kan trenge hjelp. Ein person som blir utestengd frå Nav-kontoret, skal likevel ha tilgang til tenestene som Nav tilbyr. Nav-kontoret må difor legge til rette for at tenestene er tilgjengelege på andre måtar enn ved at brukaren møter opp på kontoret.
Retningsliner for utestenging
Utestenging frå Nav-kontor er ikkje regulert gjennom lov eller forskrift, men Arbeids- og velferdsdirektoratet har etter samarbeid med KS fastsett «Retningslinjer for beslutning om sikkerhetstiltaket ‘utestenging’». Retningslinene gir føringar for korleis Nav må handtere saker der utestenging kan bli aktuelt, og vart sist oppdatert 13. mai 2016.
Ifølgje retningslinene må ei avgjerd om utestenging blant anna ta i vare dette for å vere lovleg:
- Den som kan bli utestengt (tenestemottakar) må, så langt det er mogeleg, få eit førehandsvarsel og ei reell mogelegheit til å uttale seg før avgjerda blir teken. Nav-kontoret må aktivt oppfordre tenestemottakaren til å uttale seg.
- Nav må alltid vurdere, og om mogeleg også forsøke, andre reaksjonsformer før dei kan stenge ute ein tenestemottakar. Eksempel på andre reaksjonsformer er å gi åtvaring, be tenestemottakaren om å forlate Nav-kontoret, byte saksbehandlar eller opprette sikringstiltak i lokala.
- Avgjerda må vere sakleg grunngjeven og skriftleg.
- Utestenginga må vere tidsavgrensa til maksimalt 12 veker.
- Det er berre Nav-leiaren som har mynde til å bestemme at tenestemottakaren skal stengast ute.
Vurderingar frå Sivilombodet
Sivilombodet har undersøkt korleis åtte kommunar praktiserer utestenging frå Nav-kontor. Dei såg på 97 avgjerder om utestenging. Undersøkinga viste at kommunane ikkje alltid etterlever retningslinene og at dei praktiserer noko ulikt, og at det dermed kan vere behov for lovregulering. I rapporten etter undersøkinga (sak 2022/1416) gir ombodet sine tilrådingar til kommunane og Arbeids- og velferdsdirektoratet.
Du kan lese heile rapporten til Sivilombodet her.
Sivilombodet har også publisert ei fråsegn (sak 2020/2680) om utestenging av ein person. I denne saka vart personen utestengt frå lokala til Nav-kontoret for tre månader, etter å ha oppført seg «svært truande» fleire gonger.
Sivilombodet slår fast at det er uakseptabelt å gjere hærverk på Nav‑kontor eller trakassere, true eller utøve vald mot Nav-tilsette eller andre som er til stades ved kontora. I nokre tilfelle kan det derfor vere nødvendig å stenge ute ein person, av omsyn til tryggleiken til andre. Sivilombodet strekar under at utestenging er ein alvorleg og inngripande reaksjon mot personar som treng å møte opp på Nav‑kontoret, og Nav må derfor saksbehandle slike saker i tråd med god forvaltningsskikk.
Du kan lese heile fråsegna til Sivilombodet ved å klikke her.
Rolla til Statsforvaltaren
Tenestemottakaren kan ikkje klage på avgjerda om utestenging, men kan sende serviceklage til Nav dersom han er usamd.
Statsforvaltaren har blant anna i oppgåve å føre tilsyn med at Nav-kontora sikrar at dei sosiale tenestene er tilgjengelege for alle som kan trenge hjelp. Det betyr at tenestemottakarar kan ta kontakt med oss dersom dei opplever at dei ikkje får tilgang til dei sosiale tenestene, som følge av utestenginga.