Kompetanseplan for dei sosiale tenestene
Nav Vestland og Statsforvaltaren i Vestland har utarbeidd ein kompetanseplan som gjeld dei sosiale tenestene i Nav.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Statsforvaltaren er ansvarleg for opplæring i sosialtenestelova og for kompetanseutvikling innan dei sosiale tenestene. Nav fylkeskontor er ansvarleg for alle tenestene i Nav-kontora og for kompetanseutvikling og opplæring til alle tilsette. Vi har ulike roller, men er felles ansvarleg for at opplæringa treffer behovet i Nav-kontora og at den opplevast nyttig.
Vi har samen utarbeida kompetanseplanen for dei sosiale tenestene som gjeld for 2021. Vi ønskjer framover å publisere årleg kompetanseplan.
Her kan du sjå heile kompetanseplanen.
Aktiv medverknad
Vi har god kjennskap til Nav-kontora og kommunane i Vestland, men vi ønskjer likevel at de tek kontakt med oss viss de har innspel til kompetanseplanen. Vi ønskjer at Nav-leiarar og -tilsette medverkar aktivt i kompetanseutviklinga i Nav-kontora.
Når vi kartlegg kompetansebehov og utviklar kompetansetilbod nyttar vi:
- Styringsdokumenta
- Oppfordringar frå Arbeids- og velferdsdirektoratet
- Tilsyn
- Klagesaker
- Samhandling med Nav-kontora, regionleiarar, den enkelte kommune og Nav-leiarar
- Råd- og rettleiingsteneste
- Dialogmøte
- Samfunnsstrukturelle endringar
- Regelendringar
- Brukarutval og brukarundersøkingar
Kontaktpersonar
-
Cecilie Jantzen
Tlf: 55 57 22 39 -
Linda Kråkenes
Tlf: 55 57 21 75