Ny rapport avdekker manglar ved Nav si oppfølging av langtidsmottakarar av sosialhjelp
Arbeids- og velferdsdirektoratet har undersøkt Nav si oppfølging av langtidsmottakarar av økonomisk sosialhjelp.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I den nye rapporten kjem det fram at sjølv om Nav-kontora i mange tilfelle gir sosiale tenester i tråd med lova, viser undersøkinga at det også er tilhøve som gir grunn til bekymring, ifølgje Nav.no.
Direktoratet viser til dømes til at vurderingane knytt til hjelpebehov og utmåling ofte blir standardiserte. Dei peikar vidare på at fleire Nav-kontor brukar standardaktivitetar i staden for at kvar enkelt får ei individuell vurdering av kva som er mest føremålstenleg.
Direktoratet konstaterer også at tidspress og stramme budsjett i kommunane gjer at rettleiarar ved nokre Nav-kontor meiner at dei ikkje har råd til å følgje opp langtidsmottakarane av sosialhjelp slik dei ønskjer.
Rapporten blei utarbeidd på oppdrag frå Arbeids- og sosialdepartementet. Direktoratet har brukt informasjon frå saksmapper og intervju med langtidsmottakarar og tilsette ved Nav-kontor for å undersøke oppfølginga av langtidsmottakarane.
Heile rapporten finn du under «Lenkjer».