Ny rettleiar om økonomisk sosialhjelp
Formålet er å hjelpe Nav-kontora til å utøve skjønn og gjere nødvendige konkrete og individuelle vurderingar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 06.01.2023
Arbeids- og inkluderingsdepartementet ga Arbeids- og velferdsdirektoratet i oppdrag å utarbeide ein rettleiar for økonomisk sosialhjelp med utgangspunkt i dagens situasjon med stadig auke i levekostnadane.
Tilrådingane i rettleiaren ligg innanfor dagens regelverk og er i tråd med alminneleg vurdering av kva som er forsvarleg praksis på området. Rettleiaren skal vise det store handlingsrommet sosialtenestelova gir kommunane.
Rettleiaren har fire delar:
- Informasjon og tilgjengelege tenester.
- Kartlegging av behova til den enkelte, med særleg merksemd på barn og unge.
- Vurdering og avgjerd.
- Oppfølging gjennom tenesta opplysning, råd og rettleiing.