Oversending av klager på enkeltvedtak etter sosialtenestelova
Vi ønskjer å minne om at når vi skal avgjere ei klage over enkeltvedtak så treng vi dei same dokumenta og opplysningane som Nav-kontoret trong for å handsame saka.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 24.04.2023
For klager på vedtak som gjeld økonomisk stønad, treng vi at Nav-kontoret til dømes sender oss
- søknaden med eventuelle vedlegg
- vedtaket
- klagen med eventuelle vedlegg
- dokumentasjon og opplysningar som Nav-kontoret har henta inn
- eventuelle relevante journalnotat
- Nav-kontoret si vurdering av klagen
Klager over vedtak om refusjon
I desse sakene treng vi at Nav-kontora til dømes sender oss:
- Gosys-meldinga der informasjon om den innvilga trygdeytinga går fram.
- Førehandsvarselet, refusjonskravet og vedtaket om refusjon.
- Klagen med eventuelle vedlegg.
- Nav-kontoret si vurdering av klagen.
- Vedtak kor stønaden Nav-kontoret krev refusjon for er innvilga og utbetalingsoversikt/klientreskontro.
- Trekkoppgjersliste frå Nav stat der det går fram kor mykje Nav-kontoret har fått refundert for dei ulike periodane/månadene.
- Billag på enkeltrekningar som inngår i refusjonskravet.
- Informasjon om skattetrekk, anten prosentsats eller tabell, for heile perioden Nav-kontoret krev refusjon.
- Dokumentasjon og opplysningar som Nav-kontoret har henta inn og eventuelle relevante journalnotat.
Dersom Nav-kontoret har kravd refusjon for heile eller deler av etterbetalingsperioden tidlegare, treng vi i tillegg tidlegare refusjonskrav og trekkoppgjersliste.
Når den som klagar har barn
Dersom klagar har barn, skal Nav-kontoret synleggjere kva vurderingar dei har gjort av behovet til barna og korleis vedtaket påverkar barnas situasjon. Dette gjeld i alle saker.