Habilitering og rehabilitering i kommunane – kva er status i 2019?
Helsedirektoratet sender om kort tid ut ei spørjeundersøking med svarfrist 5. april 2019.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Informasjon om spørjeundersøkinga og lenkje til det elektroniske svarskjemaet blir sendt ut frå Helsedirektoratet den 19. mars. Undersøkinga er del av arbeidet med Opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering 2017 – 2019. Gjennom undersøkinga blir kommunane utfordra på å identifisere forbetringsområde knytt til mål i opptrappingsplanen. Spørsmåla er dei same som i tilsvarande undersøking for eitt år sidan.
Opptrappingsplan for habilitering og rehabilitering 2017 – 2019 har særleg vekt på å stimulere til styrking av tilbodet i kommunane (Prop.1S, 2016-2017). Målet til Regjeringa er at tilbod om habilitering og rehabilitering så langt som mogleg blir gitt der livet blir levd; i heim, barnehage, skule, fritidsarenaer, bu- og nærmiljø og på arbeidsplassen.
Sentrale forbetringsområde ved dagens tilbod innan habilitering og rehabilitering er omtalt i Primærhelsetjenestemeldingen, Meld St.26 (2014-2015).
Vi oppmodar alle kommunane om å svare på undersøkinga.
Tilskotet til utvikling av tenestene i kommunene for 2019 er på kr 88,196 mill. I tillegg er 200 mill. kroner av dei frie inntektene for 2019 grunngitt i opptrappingsplanen.
Fylkesmannen i Vestland har kr 12,048 mill. til fordeling.