Påminning om den obligatoriske øyeblikksundersøkinga i sjukeheimar
Øyeblikksundersøkingane (prevalensundersøkingane) skal gjennomførast ein dag i veke 45, mellom 4.-8. november, når sjukeheimslegen er til stades.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Innleveringsfristen for prevalensundersøkingane er 4. desember og dataverktøyet PIAHnett skal nyttast.
Ifølgje NOIS-registerforskriften er det obligatorisk for sjukeheimane å delta i prevalensundersøkinga, både i registrering av helsetenesteassosierte infeksjonar og antibiotikabruk.
Fylkesmannen i Vestland forventar difor at alle sjukeheimane i Sogn og Fjordane og Hordaland deltek.
Ei fullstendig skildring av undersøkinga finn du på nettsida til Folkehelseinstituttet.
I PIAHnett har du tilgang på resultat frå eigen sjukeheim, sjukeheimar i eigen kommune, eige fylke og heile landet. Helsedirektoratet publiserer kvalitetsindikatorar som viser delen sjukeheimar per kommune og fylke som deltek i undersøkinga av helsetenesteassosierte infeksjonar, og førekomsten av helsetenesteassosierte infeksjonar og antibiotikabruk på sine sider.
For meir informasjon, sjå informasjonsbrev frå Folkehelseinstituttet, som du finn under «Dokument».