Rapportering på tilskotet styrking av habilitering og rehabilitering 2019
Kommunar som har fått tildelt tilskot i 2019 skal rapportere om bruken av midlane innan 1. april 2020.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Rapporteringsskjema for 2019 finn de her under «Dokument».
Kommunar som har fått tilskot til meir enn eitt tiltak, må sende eigen rapport for kvart tiltak. For tilskot frå kr. 200 000,00 og over skal de levere revisorattestert rekneskap, jfr. tilskotsbrevet og regelverket for tilskotsordninga.
Ver venleg å sende rapporten så snart som råd.
Vi gjer merksam på at 2019 var siste året for tilskotsordninga. Frå 2020 vert midlar til styrking av habilitering og rehabilitering lagt inn i rammeoverføringane til kommunane.
Kommunar som har søkt om- og fått overført tilskotsmidlar til bruk i 2020 må rapportere om bruken av desse midlane innan utgangen av 2020. Tilskotsmidlar som ikkje vert brukt i løpet av 2020 må tilbakebetalast til Fylkesmannen, jfr. tildelingsbrevet og regelverket for tilskotsordninga.
Nye kommunar har ansvar for å oppfylle krava som er stilt i tilskotsbrevet til dei nedlagde kommunane og i regelverket for ordninga. Det skal rapporterast særskilt for kvar av dei nedlagde kommunane som har motteke tilskot. Dersom dei nedlagde kommunane mottok tilskot til prosjekt som vert vidareført til den nye samanslegne kommunen til bruk i 2020, skal den nye kommunen rapportere om bruken av desse midlane innan utgangen av 2020.