Forverring av den psykiske helsa til personar med rusproblem
Årsrapporten for BrukerPlan 2019 viser forverring av den psykiske helsa til personar med rusproblem. Rapporten byggjer på kartlegging av 58 790 personar over 18 år i 257 kommunar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kva er BrukerPlan?
Målsettinga til dei nasjonale styresmakter er at alle kommunane tek i bruk verktøyet BrukerPlan. Oversikt over omfanget av rus- og psykiske problem hos tenestemottakarar i kommunen, kan nyttast til forbetring av tilbod og i arbeidet med planlegging av framtidige tenester. Kartlegginga inneheld åtte ulike levekårsindikatorar; bustadsituasjon, meiningsfull aktivitet, økonomi, fysisk helse, psykisk helse, bruk av rusmiddel, sosial fungering og sosialt nettverk.
I 2019 var det 17 kommunar i Vestland og i 2018 til saman 30 kommunar i Sogn og Fjordane og Hordaland som kartla ved hjelp av BrukerPlan.
Les meir om BrukerPlan på heimesida til Korus Bergen.
Årsrapporten for BrukerPlan 2019 viser at:
- Det er ei forverring av den psykiske helsa til mottakarar med rusproblem. Delen mottakarar med mindre alvorlege ROP-problem har auka dei siste åra.
- Talet på bustadlause går ned men det er ei større gruppe på omlag 10 000 mottakarar som ikkje har permanent eller tilfredsstillande bustadsituasjon.
- Det er framleis ein stor del mottakarar som ikkje har tilbod om meiningsfull aktivitet. Nær ein tredel av tenestemottakarane med rusproblem har svært lite eller ingen meiningsfull aktivitet.
- Det er totalt 4 769 barn som har omsorg eller samvær med ein forelder som er i ein alvorleg levekårssituasjon med alvorlege psykiske lidingar og/eller rusproblem og som har store utfordringar på fleire av dei åtte ulike levekårsområda som er nemnd ovanfor.
Du kan lese årsrapporten frå BrukerPlan 2019 her.