Nye rutinar for innmelding av klager på tvangsmedisineringsvedtak
Vi har endra på rutinane for innmelding av klager på tvangsmedisineringsvedtak til Fylkesmannen. Hensikta er å gjere det enklare for tenestene å melde klager, og å sikre rask og god sakshandsaming.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er oppretta eit eige telefonnummer for å melde klager på tvangsmedisinering etter lov om psykisk helsevern § 4-4. Det nye telefonnummeret er 48 89 96 03, og telefonen vil bli svara av sjukepleiar eller lege alle kvardagar mellom klokka 09.00–14.00.
Kontakt via denne linja skal berre gjelde melding om, og praktiske avklaringar rundt klager på tvangsmedisinering. Ved ønskje om drøftingar eller rådgjeving, kan de ta kontakt via sentralbordet på telefon 57 64 30 00.
Det er også gjort enkelte endringar knytt til saksgang. Dette gjeld mellom anna elektronisk innsending av dokumentasjon. Sjå rutine for ny saksgang, som du finn under «Dokument».
Kontaktpersonar
-
Hilde Barstad Sørheim
Tlf: 55 57 21 82 / 0