Tilrådingar for påskeferien
Påskeferien nærmar seg. Det er viktig å følgje nasjonale og lokale råd og reglar for å hindre smitteauke. Det overordna reiserådet er det same som før: Unngå alle unødvendige reiser.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Regjeringa har gått ut med tilrådingar for korleis ferien kan gjennomførast på ei smittevernfagleg forsvarleg måte. Fullstendig liste over desse råda kan lesast på regjeringa.no.
Det er viktig at alle held seg oppdatert på nasjonale og lokale tilrådingar. Det er kommunane som kjenner den lokale situasjonen best, og det er difor viktig å lytte til og respektere deira tilrådingar.
Reiser mellom område med ulikt smittetrykk
Det er særleg viktig at ein tek ekstra omsyn når ein reiser mellom område med ulikt smittetrykk. Her presiserer mellom anna regjeringa at:
- Innbyggjarar i område med høgt smittetrykk og strenge lokale smitteverntiltak, bør unngå reiser til kommunar med lågare smittetrykk. Dei som reiser til område med lågare tiltaksnivå enn dei har heime, skal leggje tiltaksnivået i heimkommunen til grunn når dei er på reise.
- Dei som kjem frå område med lågt smittetrykk skal ta omsyn til smittesituasjonen og tiltaksnivået i den kommunen dei reiser til.
- Overnattingsbesøk er frårådde for personar som kjem frå område med høgt smittetrykk og strenge lokale tiltak, men born og unge under 20 som bur åleine, kan ha overnattingsbesøk av ein til to faste vener.
Ver varsam på hytte og hotell
Sjølv om fritidsreiser innanlands ikkje kan kallast nødvendige, presiserer regjeringa at folk kan reise på hytta, så lenge ein tek nødvendige smittevernomsyn. Det generelle rådet er å avgrense kontakt med andre under reisa og under opphaldet på hytta. Reisa til og frå bør gjerast utan å stanse for å nytte seg av servicetilbod langs vegen. Nødvendige innkjøp bør vere unnagjort før ein dreg av garde.
Det er høve til å reise på hotellopphald innlands. Folk som kjem frå område med høgt smittetrykk og strenge tiltak vert likevel oppmoda om ikkje gjennomføre slike reiser.
Hald deg heime om du er sjuk
Det er viktig at alle som er sjuke, i karantene eller venter på testsvar held seg heime. Viss du er på hytta og blir sjuk eller vert oppringt og satt i karantene, bør du reise heim.
Forslag til tiltak i kommunane
Mange kommunar venter mange tilreisande i påska og har begynt å drøfte eller få på plass avbøtande tiltak for å handtere denne tilstrøyminga.
Folkehelseinstituttet (FHI) har kome med forslag til tilrådingar og forsterka tiltak som kommunar som venter mange tilreisande i påska kan vurdere:
- Samarbeidd med næringslivet i kommunen for å planlegge og gjennomgå smitteverntiltak
- Tilsyn med servicenæringa (servering, overnatting, alpinanlegg osb.)
- Forsterka råd til alpinanlegg utarbeidd av FHI
- Kommunikasjon av tilrådingar knytt til hyttebesøk
Viss det er behov for strengare tiltak kan følgjande vurderast:
- Tilråding om bruk av munnbind, eventuelt påbod
- Skjenkestopp
- Stenging av verksemder (treningssentera og svømmehaller med definerte unntak, fornøyelsesparkar, bingohaller, museum ol.)
- Avgrensing av arrangement og samankomer