IPS - Individuell jobbstøtte
Vi kan gje tilskot til treårige prosjekt for å utvikle dei sosiale tenestene ved Nav-kontora, og frå 2020 fekk Nav Stord tilskot til utprøving av interkommunal IPS-rettleiar i regionen. Samarbeidet var mellom Stord, Bømlo, Fitjar og Tysnes, med Nav Stord som verts-kontor.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Prosjektperioden på tre år no gått ut. Her gir vi ein smakebit på det Nav Stord har fortalt oss om arbeidet sitt.
Arbeidet starta i 2020, og Nav Stord hadde tidleg med seg helseføretak i samarbeidet og utviklinga av prosjektet. Dei har hatt god erfaring med dette samarbeidet.
«Du må ha litt seljar i deg»
Nav Stord ønska å opprette eige team og kompetansemiljø for individuell jobbstøtte (IPS), og her låg også prosjektet som fekk støtte frå tilskotsordninga. Dei hadde tidleg tankar om rekrutteringsprosessen. IPS-rettleiaren må kunne by på seg sjølv og klare å selje inn personar og opprette samarbeid med fleire ulike aktørar. Nav Stord fekk tilsett fire personar som skulle medverka til å utvikle IPS ved Nav-kontoret og på tvers av kommunegrenser.
IPS-rettleiarane var klare for å jobbe aktivt mot arbeidsmarknaden i regionen, men så kom pandemien. Dette hadde sjølvsagt påverknad for utviklingsarbeidet. Dei kunne ikkje lenger stille opp hos ein arbeidsgjevar og etablere kontakt. Dei måtte sjå på nye måtar å kome seg inn på arenaene som var nødvendig for å lukkast med prosjektet. På tross av pandemien klarte dei å hjelpe menneske ut i jobb. Dei såg blant anna auka behov for arbeidskraft i ufaglærte yrke.
«Metodikken verkar!»
Heldigvis fekk Nav Stord også oppleve å drifte prosjektet i meir «vanlege» tider, og dei opplevde stor nytte av prosjektet. Andre driftsår resulterte i at dei fekk over 50 prosent av deltakarane ut i arbeid og nokre i utdanning. Metodikken fungerer – tett og individuell oppfølging gir resultat. Dette gjeld også individuell oppfølging av arbeidsgjevar. Det å få kunnskap om, og relasjon til, både arbeidsmarknaden i regionen og til kandidatane i prosjektet skapar gode resultat. Samstundes er IPS-rettleiaren avhengig av tverrfagleg samarbeid – særleg med helseføretaka. Nav Stord er nøgde med at dei tidleg fekk prosjektet inn i kommuneplanen.
Det kan vere utfordrande å hjelpe menneske med rusliding og psykisk liding ut i jobb. IPS-metodikken fungerer i tråd med føremålsparagrafen i sosialtenestelova; å hjelpe folk til sjølvhjelp og vere medverkande til at menneske får ein jobb dei trivast i og ikkje kjem tilbake til Nav.
Nav Stord ser også moglegheit for å få fleire frå uføretrygd og ut arbeid gjennom å nytte metodikken. Det er mangel på arbeidskraft i regionen, særleg i industrien og i helsesektoren.
Kva skjer vidare?
Prosjektet var godt forankra i Stord kommune og dei har klart å få til ei stilling som IPS-rettleiar vidare til ordinær drift. Det vert berre Stord kommune som held fram arbeidet, og det interkommunale samarbeidet vert avslutta. Mange er blitt kvalifisert til å jobbe i yrke der det trengs folk, og ein har skapt gode samarbeidsrelasjonar med helseføretak og arbeidsgjevarar.
Det har vore spennande å følgje med på arbeidet. Nav Stord har fått eit kompetansemiljø for IPS og nye idear til korleis dei kan nytte IPS-metodikken til å hjelpe dei menneska som treng Nav mest.
Vi ønskjer Nav Stord lukke til med den viktige jobben vidare.