Vegen vidare
«Veien videre» er det andre utviklingsprosjektet for sosiale tenester i Nav som avsluttar i år. Vi kan gje statleg tilskot til prosjekt ved Nav-kontora i inntil tre år, og deira treårsperiode går ut no i haust.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Her gir vi ein smakebit på det prosjektmedarbeidarane har fortalt oss om arbeidet sitt.
Nav Bergen nord starta opp prosjektet 1. oktober 2019, med målsetting om å hjelpe personar mellom 18 og 29 år til å få auka livskvalitet gjennom arbeid, aktivitet eller utdanning. Nav-kontoret sette opp tre hovudmål for prosjektarbeidet:
- avklare rettigheiter
- kartleggje behov for helsetenester og tenester på tvers av offentlege hjelpeinstansar
- gje hjelp til arbeid, skule eller annan meiningsfull aktivitet
Vi har hatt sluttmøte med «Veien videre», og no er prosjektmedarbeidarane Cecilie og Karina på veg over i nye utfordringar. Frå Nav-kontorets leiing er det avdelingsleiar Bjørn som har følgt opp «Veien videre», og han held fram med å følgje opp det andre utviklingsprosjektet til Nav Bergen nord.
Målgruppe
Ein del unge vaksne klarar ikkje å delta i eller fullføre Nav sine vanlege tiltak. Dei er langt frå arbeid og utdanning, dei er i det som vert kalla utanforskap.
Prosjektmedarbeidarane fortel at kjenneteikn for personane i målgruppa kan vere at dei er einslege, dei er einsame med lite nettverk, dei har ofte sosial angst og helseangst, nokre av dei rusar seg, dei har gjeld til låneinstitusjonar og/eller privatpersonar, dei har ikkje fullført utdanning og nokre av dei har vore borte i kriminalitet. Difor treng personane i målgruppa tett individuell og ofte koordinert oppfølging for å kunne ha nytte av Nav sine tenester. Prosjektet har arbeidd ut frå tre nivå: Individ, metode og system.
På individnivået har dei arbeidd for sikre at brukarane får betre tenester og at dei får heilskapleg hjelp. Arbeidet på metodenivået har handla om å utvikle gode måtar å følgje opp dei som er i målgruppa, og gjere dette slik at også dei andre på Nav-kontoret kan ta i bruk metodane. På systemnivå har prosjektet arbeidd med å opprette forpliktande samarbeidsstrukturar mellom alle relevante hjelpeinstansar.
Relasjonsarbeid. Punktum!
Cecilie og Karina fortel at ei av deira viktigaste erfaringar frå arbeidet i «Veien videre» kan oppsummerast med: «Relasjonsarbeid. Punktum!»
Det har vore vanleg at personane i målgruppa berre var innom Nav som snarast for å levere ein søknad om sosialhjelp, og elles haldt seg unna Nav. Det å oppsøke Nav-kontoret har vore noko ulystbetont, som dei nødig har gjort. Difor var ein av suksessfaktorane for «Veien videre» at prosjektmedarbeidarane møtte brukarane utanfor Nav-kontoret, på stadar der brukarane var på heimebane.
Arbeidet i «Veien videre» hadde utgangspunkt i sosialtenestelovas føremålsparagraf og i paragrafen om brukarmedverknad. Cecilie og Karina erfarte at dei måtte ta tida til hjelp for å kome i posisjon overfor personane i målgruppa. Motivasjonsarbeidet tok tid og det kunne ta lang tid før brukarane kom inn i endringsaktivitet. I starten sende dei svært mange SMS’ar, og dei opplevde mange avlyste møte før brukarane responderte og møtte til avtalar.
Mange av personane i målgruppa var på ingen måte klar for oppfølging frå Nav, og fleire av dei hadde ei direkte unnvikande åtferd. Men det hjelper å stå på og å ikkje gje opp! Cecilie og Karina fortel at det kostar tid å kome i posisjon til å hjelpe dei som står så langt frå arbeid eller utdanning. I den travle kvardagen på Nav-kontoret kan det vere vanskeleg å finne tid til slikt sosialt arbeid.
Tilrådingar
«Veien videre» har gjort nyttige erfaringar når det gjeld arbeidet med denne målgruppa, og Nav kan ta fleire av desse erfaringane inn i det daglege arbeidet på Nav-kontoret. Eit døme er metoden for mappekartlegging, der dei Nav-tilsette samlar all informasjon dei har om brukaren, og fyller inn med ny informasjon etter kvart som dei får informasjonen. Eit mål med mappekartlegginga er at brukaren skal sleppe å fortelje historia si på nytt og på nytt. Samtidig får brukaren moglegheit til å sjekke i mappa om informasjonen der er korrekt, og hen får moglegheit til å føye til opplysningar som brukaren sjølv meiner er viktige.
Prosjektet har vore brukarstyrt både når det gjeld ønske, mål og rekkefølge for innsats og aktivitetar. I tillegg har prosjektet gjort erfaringar om bruk av ulike samtaleverktøy, først og fremst verdikort, fokuskart og MI-tilnærming. Prosjektet samla erfaringane og tilrådingane sine i ein perm som er tilgjengeleg for andre tilsette ved Nav Bergen nord. I tillegg utarbeidde dei ei samla digital oversikt over dei tilboda i Bergen som kan vere relevante for målgruppa.
Resultat
«Veien videre» har skrive sluttrapport for prosjektet, og der gjer dei nærare greie for prosjektarbeidet og kva dei har oppnådd. Der skriv dei om kor mange av brukarane som har tatt opp att skulegang og kor mange som er kome i arbeid, i arbeidsretta aktivitet eller i annan meiningsfull aktivitet. Dei fortel også om kor mange av dei som er komne inn i psykologisk eller medisinsk utgreiing og behandling, inkludert rusbehandling og behandling for avhengigheit.
Konklusjonen er at prosjektet kom i posisjon til å hjelpe personar som Nav tidlegare hadde hatt problem med å få kontakt med. I sluttrapporten konkluderer dei med at «Veien videre» har medverka til at unge vaksne i ein sårbar situasjon fekk auka livskvalitet gjennom aktivitet, arbeid eller skule.
Dessutan har vi sett at prosjektmedarbeidarane sine relasjonelle ferdigheiter og deira systematiske og metodiske tilnærming til oppgåvene har medverka til dei resultata som prosjektet har oppnådd. I tillegg ser vi at prosjektet har vore godt forankra i leiinga ved Nav-kontoret.
Vi ønskjer prosjektmedarbeidarane og Nav Bergen nord lykke til vidare, og vonar dei har nytte av å ta med seg erfaringane frå «Veien videre».