Einskildmeldingar om bruk av tvang

Hovudregelen er at kommunen straks skal sende melding til Fylkesmannen når dei har brukt tvang som skadeavverjande tiltak i nødssituasjonar etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.04.2019

Kapittel 9 i helse- og omsorgstenestelova gjeld tvang mot personar med utviklingshemming.

Fylkesmannen har tidlegare sendt brev til alle kommunar i Hordaland med denne orienteringa. Dette er ein oppdatert versjon som blir sendt alle kommunane i Vestland. Klikk på lenke under "Dokument" for å sjå brevet.

Handtering ved bruk av tvang i andre situasjonar/hendingar

Vi får og einskildmeldingar i andre situasjonar frå ein del kommunar. Brevet gir rettleiing i korleis kommunane skal handtere ulike situasjonar/hendingar.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.