Søknad om endring av løyve i Langedalen i Arna

Høyringsfrist:
21. februar 2020 23:59

Arna jordsortering AS søkjer om å doble rammene for mottak og kompostering av park- og hageavfall og hestemøkk. Frist for uttale er 21. februar 2020. 

Publisert 23.01.2020

Om gjeldande løyve

Arna jordsortering AS har løyve til mottak og kompostering av inntil 2000 tonn park- og hageavfall og inntil 300 tonn hestemøkk på anlegget sitt i Langedalen i Arna i Bergen kommune. Gjeldande løyve finn du på www.norskeutslipp.no 

Om søknaden 

Arna jordsortering AS søkjer om å utvide rammene for mottak og kompostering av park- og hageavfall frå 2000 til 4000 tonn, og frå 300 til 600 tonn hestemøkk per år. Det er søkt om å lagre maksimalt 9020 tonn avfall på anlegget. 

Offentleg ettersyn

Søknadsdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfristen er sett til 21. februar 2020. 

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende på e-post til fmvlpost@fylkesmannen.no, eller i brev til Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. 

Merk saka med referansenummer 2018/2161. Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Dei må difor skrivast under med fullt namn. 

Uttale

Høyringsfrist:
21. februar 2020 23:59