Romarheim Entreprenør søkjer om anlegg for rensing av forureina massar
- Høyringsfrist:
- 23. april 2021 23:59
Anlegget er plassert på industriområde i Alver med adresse Alvervegen 25. Anlegget skal ta mot massar med forureiningsgrad opp til klasse 5 i Tilstandsklasser for forurenset grunn (TA-2553/2009).
Dei forureina massane vert sikta mekanisk for å skilja ut brennbart avfall og dela opp i fraksjonar etter kornstorleik.
Prosessen vil ha fire ulike restprodukt:
- brennbart avfall
- metall
- ulike fraksjonar av steinmassar
- slam/restar av finstoff og vaskevatn
Slammet og resten av finstoffet vil etter vasking verta deponert etter forureiningsgrad på godkjent deponi. Vaskevatnet skal brukast om att.
Offentleg ettersyn
Sjå heile søknaden på høgre sida. Høyringsfrist er 23. april 2021.
Merknadar til søknaden kan du sende til fmvlpost@fylkesmannen.no. Merk ein eventuell e-post med referansenummer 2020/17719.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt navn. Useriøse uttalar vert ikkje vurderte.
- Høyringsfrist:
- 23. april 2021 23:59