Bane NOR skal oppgradere Nygårdstangen godsterminal i Bergen og søkjer om løyve
- Høyringsfrist:
- 18. mai 2021 23:00
Anleggsarbeidet er forventa å ta 2,5 år med oppstart januar 2022 og avslutning i mars 2024. Delar av anleggsarbeidet krev løyve etter forureiningslova og vert sendt på høyring. Frist for uttale er 18. mai 2021.
Om løyvet
Dei delane av anleggsarbeida som krev løyve er:
- Utslepp av reinsa anleggsvatn til Store Lungegårdsvann
- Støy- og støvforureining frå mellombels sorteringsverk
Statsforvaltaren sitt løyve vil gje vilkår for utføring av anleggsarbeid slik at risiko for forureining og negativ påverknad vert akseptabel.
Om ombygginga av Nygårdstangen godsterminal
Bane NOR skal modernisere Nygårdstangen godsterminal, rive nokre eksisterande bygningar og byggje nytt dobbeltspor. Anleggsarbeida består av graving og massehandtering (inkludert sortering av massar i eit sorteringsverk), nytt overvassystem med 60 % auke i tal sandfangskummar (frå 35 til 55), ny overbygning, terrengregulering, nye vass- og avlaupssystem, nye fundament for installasjonar i grunnen, ny tilkomst til terminalområdet og jernbanetekniske arbeid for etablering av spor mm.
Om sorteringsverket
Ved bruk av sorteringsverk forventar Bane NOR at 20 000 – 25 000 m3 oppgravde massar kan gjenbrukast i prosjektet og at ein dermed reduserer inntransport av massar frå eksterne leverandørar.
Sorteringsverk skal halde støy- og støvgrenser gjeve i forureiningsforskrifta kapittel 30, også når dei står på ein anleggsplass. Når det gjeld forventa bruk av sorteringsanlegget så er det estimert til totalt ca. 80 dagar innanfor anleggsperioden på 2,5 år. Cowi har berekna støybidraget for omkringliggjande bebygd område og Bane NOR vil overhalde støygrensene ved å ha driftstidsreduksjon til 6 timar per dag og skjerming. Det skal også utførast støymålingar når sorteringsverket er etablert.
Om utslepp av anleggsvatn til Store Lungegårdsvann
Nokre stadar skal det gravast djupare enn ca. 2,7 meter under terrengoverflaten for å montere røyr og kummar. I disse djupe grøftene vil det kunne samla seg vatn frå nedbør og innlekkasje av sjøvatn. Dette vatnet skal pumpast opp av grøftene, passere reinseanlegg og så ledast tilbake til Store Lungegårdsvann. Reinseanlegget skal reinse vatnet slik at vatnet i hovudsak tilfredsstiller tilstandsklasse III (moderat) og lågare i miljømyndigheitene sitt klassifiseringssystem for innhald av tungmetaller og organiske miljøgifter.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfrist er 18. mai 2021.
Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller sende per post til Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2021/3186.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. Useriøse uttaler vert ikkje vurderte.
- Høyringsfrist:
- 18. mai 2021 23:00
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35
Dokument
- Søknad om tillatelse etter forurensningsloven.pdf
- Vedlegg 01 Søknadsskjema.pdf
- Vedlegg 02 - Rigg og tiltaksområde.pdf
- Vedlegg 03 - Nygårdstangen - .pdf
- Vedlegg 04 - Faseplan.pdf
- Vedlegg 05 - Kart utløp overvann.pdf
- Vedlegg 06 - Faseplan_G_Langplott_Foreløpig_28.01.28.pdf
- Vedlegg 07 - detaljert borplan med resultater.pdf
- Vedlegg 08 - Faseplan + massehåndtering toppjord-00x.pdf
- Vedlegg 09 - Faseplan + massehåndtering dypereliggende jord-00x.pdf
- Vedlegg 10 - 12 Cowi støyrapport BaneNOR Bergen-Fløen.pdf