Bjørnafjorden kommune søkjer om løyve etter forureiningslova

Høyringsfrist:
30. juni 2021

Bjørnafjorden kommune søkjer om utsleppsløyve etter forureiningslova for mottak, behandling og mellomlagring av returasfalt på Kolskogen industriområde gbnr. 53/7 i Bjørnafjorden kommune.

Publisert 02.06.2021

Aktivitet

Bjørnafjorden kommune søkjer løyve til å ta imot, mellomlagre og knuse returasfalt.

Offentleg innsyn

Lenke til søknadsdokumenta finn du på høgre sida på denne nettsida.

Merknader til søknaden

Alle som vert vesentleg råka av miljøpåverknader frå anlegget, eller andre som tek i vare ålmenne interesser her som saka gjeld, kan sende merknad til søknaden til Statsforvaltaren i Vestland. Merknad kan sendast i brev til Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller som e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no innan 30. juni 2021.