Olav O. Hæreid AS søkjer om løyve etter forureiningslova
- Høyringsfrist:
- 15. juni 2021 23:59
Olav O. Hæreid AS søkjer om utsleppsløyve etter forureiningslova for mottak, behandling og mellomlagring av returasfalt og rein betong på Brennborg gbnr. 08/01 i Årdal kommune.
Publisert 19.05.2021
Aktivitet
Olav O. Hæreid AS søkjer løyve til å ta imot, mellomlagre og knuse returasfalt og rein betong.
Offentleg innsyn
Lenke til søknadsdokumenta finn du på høgre sida på denne nettsida.
Merknader til søknaden
Alle som vert vesentleg råka av miljøpåverknader frå anlegget, eller andre som tek i vare ålmenne interesser her som saka gjeld, kan sende merknad til søknaden til Statsforvaltaren i Vestland. Merknad kan sendast i brev til Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller som e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no innan 15. juni 2021.
- Høyringsfrist:
- 15. juni 2021 23:59