Norsk Gjenvinning AS og Norsk Gjenvinning Metall AS i Knarrevik næringspark søkjer om endra løyve til handtering av avfall

Høyringsfrist:
1. november 2021 23:59

I samband med bygging av nytt Sotrasamband har verksemdene behov for endra samansetjing, plassering og mengd avfall.

Publisert 01.10.2021

Norsk Gjenvinning har behov for å kunne handtere auka mengd avfall. Norsk Gjenvinning Metall ønskjer å også kunne ta imot kasserte køyretøy, innanfor ramme for årleg mengd avfall dei har løyve til i dag. Verksemda har også behov for framleis å lagre metallavfall på kai i nokre dagar før utskiping.

Lenke til søknadsdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader

Alle som vert vesentleg råka av dei endra miljøpåverknadene frå anlegga, eller andre som tek i vare ålmenne interesser her som saka gjeld, kan sende merknad til søknaden til Statsforvaltaren i Vestland. Merknad kan sendast i brev til Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller som e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no innan 1.november 2021.

Høyringsfrist:
1. november 2021 23:59