Westland Waste AS søkjer om løyve til mottak og lagring av avfall i Sløvåg
- Høyringsfrist:
- 24. mai 2022 23:59
Det er søkt om mottak og lagring av 15 000 tonn/år avfall, 5 000 tonn/år metall og 7 000 tonn/år farleg avfall hovudsakleg frå offshore industrien. Innandørs lagring av farleg avfall vil vere heilt tett og ikkje tilknytt utsleppspunkt.
Om saka
Westland Waste AS er eit datterselskap av Wergeland-Halsvik AS. Avfallet vil hovudsakleg bli levert til anlegget med skip til kai hos Wergeland industrihamn eller med lastebil.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2022/2141. Frist for å gje fråsegn er 24. mai 2022.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høyringsfrist:
- 24. mai 2022 23:59