Bergen kommune søkjer om løyve til mudring under gamle Nygårdsbru i Bergen
- Høyringsfrist:
- 16. august 2022 23:59
Bergen kommune søkjer om å mudre ca. 300 m³ forureina massar under gamle Nygårdsbru i Bergen kommune. Mudringa vil auke vassutskiftinga og hindre at den nye sjøbotnen i Store Lungegårdsvatnet blir kontaminert.
For å ikkje kontaminere den nye sjøbotnen i Store Lungegårdsvatnet i samband med prosjektet «Renere Havn Bergen» ønskjer Bergen kommune å mudre forureina massar i fire løp (løp to til fem) under gamle Nygårdsbru.
Gamle Nygårdsbru er òg avgrensande for båttrafikk, då berre eit løp er farbart. Mudring under brua vil auke talet til fem farbare løp.
Dei forureina massane skal leverast til godkjent mottak og tiltaket skal overvakast med turbiditetsmålar. Det farbare løpet skal haldast opent gjennom heile anleggsperioden for å ikkje hindre båttrafikk, friluftsliv og fiskevandring.
Tiltaket er planlagt utførd hausten/vinter 2022, og i ein kort periode (veker).
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre å denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende på e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller per post til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2022/9533. Frist for å gje fråsegn er 16. august 2022.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høyringsfrist:
- 16. august 2022 23:59