Søknad om utsleppsløyve for vaskehall for tankbilar i Kvam herad

Høyringsfrist:
7. oktober 2022 23:59

Kjellmi AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp av reinsa vaskevatn til Hissingfjorden.

Publisert 05.09.2022
Oversiktskart som viser omtrentleg lokalisering av framtidig vaskehall i Strandebarm, Kvam herad. Utsleppet frå vaskehallen er planlagt ført til Hissingfjorden via eksisterande kommunal avløpsleidning med anslått utsleppsdjupne på kote -25.
Oversiktskart som viser omtrentleg lokalisering av framtidig vaskehall i Strandebarm, Kvam herad. Utsleppet frå vaskehallen er planlagt ført til Hissingfjorden via eksisterande kommunal avløpsleidning med anslått utsleppsdjupne på kote -25. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Om saka

Kjellmi AS ønskjer å etablera ein vaskehall for tankbilar ved Strandebarm i Kvam herad. Før vask vil tankane bli tømt for eventuelle kjemikalierestar ved hjelp av trykkluft. Kjemikalierestane skal samlast på eigna behaldarar og leverast til godkjent mottak.

Vaskevatn frå vaskehallen er planlagt reinsa ved hjelp av sandfang og oljeutskiljar. Vatnet skal også kontrollerast for pH og ved behov nøytraliserast før utslepp.

Utslepp frå vaskehallen er planlagt ført til Hissingfjorden via eksisterande kommunal avløpsleidning med antatt djupne på ca. kote -25 meter.

Maksimalt antal liter vaskevatn er i søknaden anslått til 2400 liter per veke.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende på e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller per post til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2022/7277. Frist for å gje fråsegn er 7.oktober 2022.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.

Høyringsfrist:
7. oktober 2022 23:59